Brasswind - 2016
30/09/16 09:41
Uke 39 reiser vi til Bergen for å spille på årets BrassWind festival. Programmet er Pop Machinery (Klaus Sandvik) og Canzona no. 1 (Henrik Ødegaard)
Generelt om festivalen:
Manger Musikklag har dei siste 30 åra satsa tungt på ny musikk for brassband. Dette har ført til ei rekkje urframføringar og fleire cd-utgjevingar som har profilert både denne musikken og nye norske komponistar. Manger Musikklag skal urframføre minst eitt stykke kvar sesong. Den årlege BrassWind-festivalen vart skipa av korpset i 2004 for å løfte denne musikken ytterlegare fram for nye publikum og lage ein god arena for ny musikk for korps.
BrassWind er ein årleg festival der konsertinnhaldet er retta mot ny musikk for korps og ensembler. Under festivalen møtest windband, brassband og ensemble, der flinke, engasjerte amatørar og skulekorpsmusikantar møter profesjonelle utøvarar, dirigentar og komponistar.
Mange nye norske verk har fått si førsteoppføring under festivalen, også sceniske verk. BrassWind vart første gong arrangert i Teatergarasjen i Bergen i oktober 2004, og var ein stor suksess. Sidan den gong har festivalen vore arrangert i Logen Teater, Johanneskirken, Grieghallen, vore på turné til Os og Manger med dokumentaroperaen “Hypermusikal” under BrassWind-festivalen 2009, og “Hypermusikal” vart også framført i Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika av Manger Musikklag i 2011.
Manger Musikklag sitt arbeide med ny musikk dei siste 25 åra var ein viktig kompetanse då musikklaget saman med komponist Torstein Aagaard-Nilsen starta arbeidet med festivalen i 2003. Manger Musikklag har ein bestillingspolitikk av ny musikk som passar festivalprofilen perfekt, og det er difor heilt naturleg at Manger Musikklag både eig og gjennomfører BrassWind – på dugnad.
BrassWind sin største suksess er dokumentaroperaen ”Hypermusikal” av Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo, tinga til BrassWind 2009 med fire førestillingar under festivalen. Denne oppsetjinga førte til at MML, som første brassband nokonsinne, vart invitert til å setje opp to førestillingar i Den Norske Opera & Ballett i Bjørvika i Oslo. Den innovative dokumentaroperaen om og med MML vart ein suksess med 600 selde billettar i Oslo aleine, og “Hypermusikal” hausta strålande kritikkar både i presse og hjå publikum.
Manger Musikklag arrangerer sin tolvte BrassWind-festival i september 2015.
Torstein Aagaard-Nilsen har vore BrassWind-festivalen sin kunstneriske leiar sidan oppstarten.